mandag 16. juli 2012

Teokratiet sitt inntog?

Det er interessant å merka seg korleis forskyving av makt går frå folkevalde organ og nasjonale einingar og over til multinasjonale selskap og teknokratiske institusjonar. Eit lite apropos til utviklinga me og ser i Lærdal der stadig fleire politiske omkampar no dreiar seg om juridiske tokningar.

Spørsmålet ein då bør stilla seg er kvar hunden er gravlagd. Er dette ein falitterklæring frå (lokal)demokratiet, eller er det for sterk individualisering av samfunnet som uthular samfunnsstrukturane? Kven er det som veit best, er det fleirtalet eller er det einskildindividet? Det er til tider vanskeleg å vita kvar avgjerslene eigentleg vert tekne. Likeeins er det vanskeleg å vite kva for informasjon blir gjort tilgjengeleg kvar.

Når teknokratane blir politisert, bør dei då også veljast? Bør det då vera direkteval på fylkesmann, rådmann og lensmann? Og får politikarane skylda for avgjerdsler dei ikke lenger tek? Det går som regel skit når ein freistar å nytta rørleggjar til å ordna det eletriske anlegget. Skit, vatn og straum bør jo, som kjent, ikkje blandast...