fredag 10. juli 2009

Skulefrukt

Det er sjølvsagt gledeleg at skulen får skulefrukt til elevane. Kvar veke vert det levert skulefrukt til skulen. Gode greier! Lærdal kommune satsar på skulefrukt og alle elevane får, til tross for at skulen ikkje er ein del av den nasjonale ordninga med skulefrukt (skulen ha ikkje ungdomsskule og fell difor utanfor ordninga), har Lærdal kommune gjort vedtak og gjeve skulen pengar til skulefrukt og har no og sikra at skulen har fått øyremerkte midlar til å oppretthalda ordninga.

Likevel vert det litt underleg når me går eit nytt skuleår i møte med ei stor utfordring. På grunn av manglande kommunal finansiering må skulen gjera kutt i innhaldet i spesialundervisninga ved skulen. Sjølvsagt er det ikkje lovstridige kutt, men kutt som vil forringa kvaliteten på undervisninga. Samstundes vert talet på delingstimar for dei eldste elevane færre.

Skulefrukt er eit uttrykk for kvalitet i skulen. Likevel kjem det langt ned på lista over faktorar som skapar kvalitet. Det er mykje viktigare kor systematisk skulen arbeidar og kvaliteten på relasjonane mellom dei ulike aktørane i skulesamfunnet og mellom skule og lokalsamfunn.

Mange faktorar for kvalitet i skulen er ikkje direkte knytt til økonomi. Men kvaliteten på relasjonar vert potensielt styrka dersom ein har tid saman. Det får me midre av dersom lærartettleiken vert lågare (færre delingstimar). Det gjer og mindre tid til fagleg fokus og individuell tilrettelegging. Ein rekor som må spara må og bruka mykje tid for å finna kvar kutta smertar minst og virkar raskast. Fokuset på pedagogisk utviklingsarbeid kan då sjølvsagt ikkje vera det same.

Skulefrukt er viktig, men ikkje så viktig.