søndag 12. april 2009

Rettferd?

"Kva er det eg har gjort?" "Korleis er det rettferdig?" "Kva har eg gjort?"

Desse spørsmåla fekk eg for ikkje mange dagane sidan. Verda tar stadig vendingnar som vi ikkje reknar med, ganske ofte faktisk. Det er mykje vi ikkje kan gjera noko med. Likevel er det som oftast val vi kan ta. Resultata av det vi gjer, av dei vala vi tar, er ikkje alltid det resultatet som vi håpa på. Vi kontrollerar ikkje andre sine tolkingar, val og handlingar. Vi kan ikkje sjå grunnlaget for deira handlingar, berre resultata. Difor kan vi, rette eller urett, setja merkelappen urettferdig.


Det handlar dermed om å gjera dei vala som vi kan stå inne for. Kunna kikka seg attende og lika den stien av val som har teikna seg i fotefara våre. Rettferd? Det er berre namnet som me gjer handlingane (gjerne andre sine). Rettferd er det vi skapar oss imellom. Rettferd er den sosiale kontrakten. Som alle andre sosiale kontraktar, kan denne brytast. Rettferd er håpet vi har for verda. Ikkje ein passiv gevinst, men eit resultat av val og handling. Rettferdig? Ikkje alltid. Til tider skjeldan. Men når eg skuar bakover håper eg at stien min er prega av val som gav håp for verda, gav rettferd.

Problemet er ikkje å ha for store mål og ikkje nå dei, men å ha for små mål og gjera det! Eller: Problema er ikkje å ha for mykje håp for verda, men å ikkje ha meir håp for verda enn at vi seier oss nøgd med verda som ho er. Då vil det vera mykje som vi opplever som urettferdig! Men det er det håp kostar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar