...Osloskulane følgjer opp, men no har eg liten tru på at det er noko hensikt i å be lærarane fanga opp om elevane prater om mistenkelege videoer eller blogger på internett. Det som faktisk er viktig, er kva for relasjonar som læraren har til elevane og kva for relasjonar som er elevane imellom. Ein lagar ikkje eit tryggleik ved å følgja med om elevane "gjer noko mistenkeleg, men ved å skapa gode relasjonar til elevane. Det som skapar tillit er at elevane opplever at lærarane brur seg, lærarar som elevane opplever som tydelege og dyktige.
Sjølvsagt er det viktig med gode rutinar for krisehandtering. Men korleis skulen i kvardagen evnar å la elevane oppleva den omsorgen lærarane har for elevane sine, er framleis det viktigaste for å sikra skulekvardagen mot massakre...
... og for læring.
torsdag 12. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Eg er delvis einig med deg! Relasjonsbygging, tillit og samhald må ligge i bunnen. Men eg meiner at dette ikkje ekskluderar eit auka fokus på potensielt skadelege puplikasjonar. Då tenkjer eg ikkje utelukkande på videoar om ekstrem vald. Lærar og skule bør ha eit auge (og øyre) for bloggar, facebookgrupper med meir som sjikanerar, mobbar og heng ut andre.
SvarSlettDet eg anntek at du meiner er at uten god relasjon vil du heller ikkje kunne fange opp slikt blant elevane utan vere innvaderande.
Til dette høyrer og at ein må unngå å mistenkeleggjere elevane.
God relasjon vil kunne føre til at elevane oppsøkjer lærar med det dei meiner er uheldig puplikasjon på nett.
Så ja takk begge deler!
Eit fokus på publikasjonar må ikkje verta den grunnlaggande metoden for å ta tak i problematikken med skulemassakre. Det er vil berre skapa distanse mellom lærar og elev.
SvarSlettSom du riktig påpeiker, kan ein ikkje fanga opp slikt blant elevane utan vera innvaderande dersom ein ikkje har ein grunnleggande god relasjon.
Ein skal sjølvsagt vert observant med tanke på korleis den digitale kommunikasjonen på og om den skulen ein jobbar ved. Men om ein ikkje har ein grunnleggande god relasjon å bygga på, vil det vidare arbeidet vera vanskeleg.
Med andre ord er eg eining i ja takk, begge delar. Likevel er det å vera relasjonsfokusert så overordna eventuelle kontrolltiltak at det vert feil når kontrolltiltaka vert så synlege i mediebilete.
skriv mer da!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
SvarSlett