fredag 6. mars 2009

Ljøsne skule: Fleire elevar - færre vaksne

Utdanningsforbundet er ute med ei undersøking der det går fram at kommune-noreg kuttar i skulesektoren - igjen.

Dette er eit bilete som me kjennar oss igjen i ved Ljøsne skule. For inneverande år må skulen kutta aktiviteten tilsvarande omlag 150.ooo kr. Medan sentrale myndigheiter signaliserar større lærartettleik i skulen, skjer det motsatte ved Ljøsne skule.

I tråd med dei signala som vart gjeven i budsjetthandsaminga, er det mindre pengar til vikarar, materiell og utstyr. I tillegg må satsinga som regjeringa annonserte om større lærartettleik i 1.-4.- årssteg takast frå dei undervisningstimane som 5.-7.-årssteg allereie har. Men skulefrukta vart redda. Etter ein månad utan skulefrukt, gjekk ordførar og rådmann inn og sa at dette var pengar som skulen skulle få i samband med budsjettrevisjonen til Lærdal kommune i juni 2009. Det er sjølvsagt gledeleg, skulefrukt er ei god ordning. Men for den einskilde elev er nok lærartimane meir verd!

Det kan jo og nemnast at Ljøsne skule er den einaste skulen i kommunen som har hatt eit veksande elevtal siste året. Så for skuleåret 2009-2010 blir det fleire elevar og færre vaksne ved Ljøsne skule. Satsing på skule? Forstå det den som vil.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar