Difor må me satsa på heile eleven:
For å få til å satsa på heilskapen ikring den kreatide eleven er læraren den viktigaste ressursen.
I st. meld 31 (2007-2008) Kvalitet i skulen finn vi at :
"Lærernes kompetanse slik den kommer til uttrykk i samspillet mellom lærer og elev er det viktigste i opplæringen som kan fremme elevenes læring." (3.1)
Det er med andre ord kompetansen til den einskilde lærar i eit utvida perspektiv som er den viktigaste ressursen for skulen. Det er lærarens evne til å nyttiggjera seg sin kompetanse som eit heilt menneske i møte med eleven som eit heilt menneske som er grunnleggande for framtidig nyskaping. Grunnleggande for kreativitet - og dermed framtidig innovasjon - ligg i struktur, kunnskap og vilje til risiko. Den viljen kan berre fødast av tryggleik.
Lærarane må difor byggast opp og ikkje ned!
"Den avgjørende forskjellen mellom undervisning som fører til resultater og undervisning som ikke gjør det, er i hovedsak hvor godt undervisningen gjennomføres, ikke hva slags arbeidsformer som benyttes. Forskning viser imidlertid at lærere som behersker og bruker flere undervisningsmetoder, har elever som oppnår bedre resultater. (...)Metoder som bygger på at elevene trekkes inn i undervisningen, gir også bedre læring enn når elevene er passive." (3.1.5)
Sjølvsagt skal skulen søka etter inspirasjon eksternt, men løysingane må ein finna med utgangspunkt i refleksjon rundt intern praksis. Skal ein slik refleksjon vera fruktbar, må den bygga på ein grunnleggande tryggleik og tillit. Då er det ikkje godt med ekstern mistenkeleggjering av læraren. Det er grunnleggande at me tar utgangspunkt i det me får til når me skal utvikla oss. Kanskje det kan gjelda for læraren og...?
Skal vi satsa på heile eleven og framtida må vi satsa på heile læraren og!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar