Barry Schwartz eksemplifiserar det eg og dei andre lærarane ved Ljøsne skule har prøvd å fanga i den pedagogiske plattformen til skulen. Reglar og visdom lar seg balansera av eit solid verdigrunnlag. Sjølvsagt vil ikkje verdiplattformar på papiret vera løysinga, men det vi klarar å praktisera på jobb, i klasserommet og i heimen.
tirsdag 17. februar 2009
torsdag 12. februar 2009
Eit heilskapleg fokus
Det er med bekymring eg merkar meg at det er ei einsidig fokusering på basisfaga norsk, matematikk og engelsk som når ut til skule-Noreg. Dette er sjølvsagt ei viktig satsning. Men det er viktig at denne satsinga førar fokuset vekk frå eit heilskapleg syn på eleven. Alle veit kva firma Polaroid var. At firmaet ikkje finnast lenger, veit kanskje ikkje like mange. Men firmaet er eit godt eksempel på ein organisasjon som ikkje klarte omtillinga til den nye digitale verden. Som eit lite høgkostland er det viktig at me er villige til å satsa på å vera i front. Både fordi det er eit ansvar å vera i vår priviligerte posisjon, og det er viktig for i framtida å vera konkurransedyktige. Det er tida for dei store tankane som må følgjast opp med naudsyn handling.
Difor må me satsa på heile eleven:
For å få til å satsa på heilskapen ikring den kreatide eleven er læraren den viktigaste ressursen.
I st. meld 31 (2007-2008) Kvalitet i skulen finn vi at :
"Lærernes kompetanse slik den kommer til uttrykk i samspillet mellom lærer og elev er det viktigste i opplæringen som kan fremme elevenes læring." (3.1)
Det er med andre ord kompetansen til den einskilde lærar i eit utvida perspektiv som er den viktigaste ressursen for skulen. Det er lærarens evne til å nyttiggjera seg sin kompetanse som eit heilt menneske i møte med eleven som eit heilt menneske som er grunnleggande for framtidig nyskaping. Grunnleggande for kreativitet - og dermed framtidig innovasjon - ligg i struktur, kunnskap og vilje til risiko. Den viljen kan berre fødast av tryggleik.
Lærarane må difor byggast opp og ikkje ned!
"Den avgjørende forskjellen mellom undervisning som fører til resultater og undervisning som ikke gjør det, er i hovedsak hvor godt undervisningen gjennomføres, ikke hva slags arbeidsformer som benyttes. Forskning viser imidlertid at lærere som behersker og bruker flere undervisningsmetoder, har elever som oppnår bedre resultater. (...)Metoder som bygger på at elevene trekkes inn i undervisningen, gir også bedre læring enn når elevene er passive." (3.1.5)

Sjølvsagt skal skulen søka etter inspirasjon eksternt, men løysingane må ein finna med utgangspunkt i refleksjon rundt intern praksis. Skal ein slik refleksjon vera fruktbar, må den bygga på ein grunnleggande tryggleik og tillit. Då er det ikkje godt med ekstern mistenkeleggjering av læraren. Det er grunnleggande at me tar utgangspunkt i det me får til når me skal utvikla oss. Kanskje det kan gjelda for læraren og...?
Skal vi satsa på heile eleven og framtida må vi satsa på heile læraren og!
onsdag 11. februar 2009
Ut i den store verden
Fant ut at eg ville flytta bloggen min til ei side som IKKJE var subsidiert av ein nettspill-leverandør...
Dermed tok eg steget ut i den store verden og endte opp hos Google.

Å koma igang...
Eg var i går på utdanningskonferansen.no i Bergen (IKT-konferanse), arrangert av stiftelsen IMTEC for andre år på rad.
IKT-utviklinga går stradig raskare. Det gjenspeilar og samfunnet si utvikling med auka kompetansekrav og inflasjon i akademiske titlar. Utfordringane for ein rektor i ein liten vestlandskommune dreiar seg ikkje lenger berre om å vera skuleleiar, men og ein aktør i samfunnsutviklinga. Det er viktig å vera ein katalysator for dei positive samfunnsstraumane, men og ei motvekt til forhasta og enkle løysingar.
Så, no er eg igang.......

Abonner på:
Innlegg (Atom)