Det er interessant å merka seg korleis forskyving av makt går frå folkevalde organ og nasjonale einingar og over til multinasjonale selskap og teknokratiske institusjonar. Eit lite apropos til utviklinga me og ser i Lærdal der stadig fleire politiske omkampar no dreiar seg om juridiske tokningar.
Spørsmålet ein då bør stilla seg er kvar hunden er gravlagd. Er dette ein falitterklæring frå (lokal)demokratiet, eller er det for sterk individualisering av samfunnet som uthular samfunnsstrukturane? Kven er det som veit best, er det fleirtalet eller er det einskildindividet? Det er til tider vanskeleg å vita kvar avgjerslene eigentleg vert tekne. Likeeins er det vanskeleg å vite kva for informasjon blir gjort tilgjengeleg kvar.
Når teknokratane blir politisert, bør dei då også veljast? Bør det då vera direkteval på fylkesmann, rådmann og lensmann? Og får politikarane skylda for avgjerdsler dei ikke lenger tek? Det går som regel skit når ein freistar å nytta rørleggjar til å ordna det eletriske anlegget. Skit, vatn og straum bør jo, som kjent, ikkje blandast...
mandag 16. juli 2012
onsdag 6. april 2011
tirsdag 8. mars 2011
mandag 8. februar 2010
Betre læringsmiljø
Thomas Nordahl summerar flott opp kor viktig det er med relasjonsbygging i skulen i tillegg til satsing på leiing og kunnskap! Sjå foredraget!
fredag 10. juli 2009
Skulefrukt
Det er sjølvsagt gledeleg at skulen får skulefrukt til elevane. Kvar veke vert det levert skulefrukt til skulen. Gode greier! Lærdal kommune satsar på skulefrukt og alle elevane får, til tross for at skulen ikkje er ein del av den nasjonale ordninga med skulefrukt (skulen ha ikkje ungdomsskule og fell difor utanfor ordninga), har Lærdal kommune gjort vedtak og gjeve skulen pengar til skulefrukt og har no og sikra at skulen har fått øyremerkte midlar til å oppretthalda ordninga.
Likevel vert det litt underleg når me går eit nytt skuleår i møte med ei stor utfordring. På grunn av manglande kommunal finansiering må skulen gjera kutt i innhaldet i spesialundervisninga ved skulen. Sjølvsagt er det ikkje lovstridige kutt, men kutt som vil forringa kvaliteten på undervisninga. Samstundes vert talet på delingstimar for dei eldste elevane færre.
Skulefrukt er eit uttrykk for kvalitet i skulen. Likevel kjem det langt ned på lista over faktorar som skapar kvalitet. Det er mykje viktigare kor systematisk skulen arbeidar og kvaliteten på relasjonane mellom dei ulike aktørane i skulesamfunnet og mellom skule og lokalsamfunn.
Mange faktorar for kvalitet i skulen er ikkje direkte knytt til økonomi. Men kvaliteten på relasjonar vert potensielt styrka dersom ein har tid saman. Det får me midre av dersom lærartettleiken vert lågare (færre delingstimar). Det gjer og mindre tid til fagleg fokus og individuell tilrettelegging. Ein rekor som må spara må og bruka mykje tid for å finna kvar kutta smertar minst og virkar raskast. Fokuset på pedagogisk utviklingsarbeid kan då sjølvsagt ikkje vera det same.
Skulefrukt er viktig, men ikkje så viktig.

søndag 12. april 2009
Rettferd?
"Kva er det eg har gjort?" "Korleis er det rettferdig?" "Kva har eg gjort?"
Desse spørsmåla fekk eg for ikkje mange dagane sidan. Verda tar stadig vendingnar som vi ikkje reknar med, ganske ofte faktisk. Det er mykje vi ikkje kan gjera noko med. Likevel er det som oftast val vi kan ta. Resultata av det vi gjer, av dei vala vi tar, er ikkje alltid det resultatet som vi håpa på. Vi kontrollerar ikkje andre sine tolkingar, val og handlingar. Vi kan ikkje sjå grunnlaget for deira handlingar, berre resultata. Difor kan vi, rette eller urett, setja merkelappen urettferdig.
Det handlar dermed om å gjera dei vala som vi kan stå inne for. Kunna kikka seg attende og lika den stien av val som har teikna seg i fotefara våre. Rettferd? Det er berre namnet som me gjer handlingane (gjerne andre sine). Rettferd er det vi skapar oss imellom. Rettferd er den sosiale kontrakten. Som alle andre sosiale kontraktar, kan denne brytast. Rettferd er håpet vi har for verda. Ikkje ein passiv gevinst, men eit resultat av val og handling. Rettferdig? Ikkje alltid. Til tider skjeldan. Men når eg skuar bakover håper eg at stien min er prega av val som gav håp for verda, gav rettferd.
Problemet er ikkje å ha for store mål og ikkje nå dei, men å ha for små mål og gjera det! Eller: Problema er ikkje å ha for mykje håp for verda, men å ikkje ha meir håp for verda enn at vi seier oss nøgd med verda som ho er. Då vil det vera mykje som vi opplever som urettferdig! Men det er det håp kostar...

Abonner på:
Innlegg (Atom)